Øverstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Øverstraumen er ein fjordarm av Ranfjorden i Rana kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 5,5 km nordover til Straumsbotn.

Fjorden har innløp ved sundet Straumkjeften i sør. Den ytste delen av fjorden er trong, men nord for Nordgården, som ligg på vestsida, opnar han seg opp. Denne delen av fjorden vert kalla Sveet. Frå Sveet går sundet Auran austover, før fjorden svingar nordover igjen. Lengst nord på austsida ligg grenda Jamtjorda. Frå her går Straumbotnet inn til grenda med same namn.