Øvre Galilea

Koordinatar: 33°01′46″N 35°19′45″E / 33.02939°N 35.32928°E / 33.02939; 35.32928
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Øvre Galilea.

Øvre Galilea (hebraisk הגליל העליון, HaGalil Ha'elion) er eit geografis-politisk omgmrep nytta sidan slutten av Den andre tempelperioden, og synte opphavleg til eit fjellområdet som dekkjer det noverande nordlege Israel og sørlege Libanon. Grensene til området er Litanielva i nord, Middelhavet i vest, Beit HaKerem-dalen og Nedre Galilea i sør og Jordanelva og Huladalen i aust.[1]

I dagens israelske terminologi, vert namnet hovudsakleg nytta om den nordlege delen av Galilea, som er underlagt Israel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter oppløysinga av Det osmanske riket og Balfour-erklæringa der Det britiske imperiet lovde å opprette «ein jødisk nasjonalheim» i Palestina, presenterte sionistrørsla for Versailleskonferansen eit dokument der dei bad om at heile området opp til Litanielva skulle innlemmast i Det britiske mandatet for Palestina og den framtidige jødiske staten.

Men berre mindre enn halvparten av dette området vart til slutt ein del av Det britiske mandatområdet Palestina, og den endelege grensa vart endra etter både diplomatiske rørsler og kampar mellom Storbritannia og Frankrike, som slaget ved Tel Hai i mars 1920.

Den nordlege delen av området var ein del av det franske mandatområdet som sidan vart til Libanon, og i lang tid snakka mange sionistiske geografar om Øvre Galilea som den nordlege delen av Galilea i Israel og Libanon.

Under denne definisjonen dekkjer Øvre Galilea eit areal på over 1 500 km², kring 700 i Israel og resten i Libanon. Dette omfattar høglandet i Sør-Libanon som på arabisk vert kalla Jabal Amel,[2] som ein periode på hebraisk vart kalla «Det libanesiske Galilea».[1] Geografisk er det skild frå Nedre Galilea av Beit HaKerem-dalen med høgare fjell og djupare dalar enn dei i Nedre Galilea. Det høgaste fjellet er Har Meron på 1 208 moh. Safed er ein av dei største byane i denne regionen.

I nyare tid har den opphavlege definisjonen av omgrepet gått nesten heilt bort og i dag vert Øvre Galilea nesten berre brukt om delen som ligg i Israel.

Mal:Panorama

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Vilnai, Ze'ev (1976). «Øvre Galilea». Ariel Encyclopedia. Volume 2. Israel: Am Oved. s. 1364–67.  Mal:He icon
  2. Salibi, Kamal S. (1988). A House of Many Mansions: The History of Lebanon Reconsidered. London: I.B. Tauris. s. 4. ISBN 1-85043-091-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

33°01′46″N 35°19′45″E / 33.02939°N 35.32928°E / 33.02939; 35.32928