Øvre Rendal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvre Rendal kyrkjeBergset

Øvre Rendal kommune var ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hedmark fylke, ein del av Rendal formannskapsdistrikt frå 1837.

I 1880 vart Rendal delt i Øvre- og Ytre Rendal kommunar.[1][2] Øvre Rendal kommune hadde då 1 868 innbyggjarar.[2]

1. januar 1965 vart Øvre- og Ytre Rendal kommunar slegne saman til den nye Rendalen kommune.[1][2] Øvre Rendal hadde ved samanslåinga 1 629 innbyggjarar.[2]

Etter grensejusteringar i Øvre- og Ytre Rendal, Tolga og Trysil kommunar, vart Engerdal kommune oppretta som eigen kommune 1. januar 1911.[1][2] Frå Øvre Rendal kommune vart eit område med 381 innbyggjarar lagt til den nye kommunen.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Bjørn Øvsteng (1972). «Rendal herred». I L.K. Storhaug. Norske gardsbruk : Hedmark fylke. 5. Tønsberg: Forlaget Norske gardsbruk. s. 176. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Dag Juvkam. ««Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» s. 17-19» (PDF). Statistisk sentralbyrå, 1999. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 61°53′29″N 11°4′44″E