Sandven i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Øvre Sandven)
Sandven
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 79 og 81

Sandven er ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på nordsida av Kalandsvatnet og er delt i Øvre Sandven i vest og Nedre Sandven i aust.

Her er framleis gardsdrift.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av det norrøne sandr som tyder sand, og vin som tyder naturleg eng. Dette er det einaste vin-namnet av gardane i Fana.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort funn av skaftkar i kleberstein frå yngre steinalder på garden.

I mellomalderen høyrde garden til Lyse kloster, og etter reformasjonen til Lyseklostergodset. Seinare vart garden delt i Øvre og Nedre Sandven. Brukarane på garden vart sjølveigarar frå 1873 og 1875.

Øvre Sandven[endre | endre wikiteksten]

Øvre Sandven

Øvre Sandven ligg vest for Nedre Sandven, på nordsida av Kalandsvatnet og sør for Ljosvollvarden. Garden grensar til Ljosvoll i nord, Hatlestad i vest, Indre Hamre i sørvest, Sæle i sør, Nedre Sandven i aust, Stigen og Fjellbirkeland i nordaust.

Nedre Sandven[endre | endre wikiteksten]

Nedre Sandven

Nedre Sandven ligg aust for Øvre Sandven og omfattar mellom anna Sineset som stikk sørover i Kalandsvatnet. Her ligg både Kaland skole og Kalandseid stadion.

Utanom Øvre Sandven grensar garden til Stigen i nord, Sæle i sør, Smådal i aust og Hedno i nordaust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]