Øvre Sund bru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvre Sund bru

Typevegbru, platebru
Opna2011
StrekningFylkesveg 282
Lengd150 meter
Største spenn32 meter
Breidd22 meter
KryssarDrammenselva
MaterialeBetong
ArkitektBovim-Fuglu-Svingen Arkitekter (seinare Nuno Arkitektur)
Kart
Øvre Sund bru
59°44′46″N 10°11′28″E / 59.746111°N 10.191111°E / 59.746111; 10.191111

Øvre Sund bru er ei bru over Drammenselva i sentrum av Drammen. Brua utgjer ein del av  Fylkesveg 282 og Sentrumsringen, og var opna 9. september 2011. Brua er ein del av Vegpakke Drammen og det siste prosjektet i Sentrumsringen. Øvre Sund bru forbind Grønland (sør) og Hamborgstrøm (nord).

Øvre sund bru fotografert frå sørvest i den blå timen.

Lengda til brua er på 148 m, lengda inkl. brokar er 250 meter. Det er to køyrefelt i kvar retning i tillegg til separat sykkelveg med fortau. Lengda på delen med sykkelveg og fortau er noko kortare enn hovudspennet. Dei totale prosjektkostnadene var på 527,5 millionar kroner.

I 2000 vart ein arkitektkonkurranse kunngjort, og den vart vunnen av Bovim-Fuglu-Svingen Arkitektar (seinare Nuno Arkitektur).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Anne-Beth Jensen: «Raffinert bruløsning», s. 126-129 i Byggeindustrien, Nr. 7/2011. ISSN 03327086.