Øy i Ørsta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Øy i Ørsta er ein matrikkelgard i Ørsta kommune. Han ligg i Follestaddalen, på austsida av Storelva. Innmarka på garden strekker seg frå bytelina mot Myklebust i sør og til utmarksgarden fram i Øyane aust for matrikkelgarden Kolås, som ligg på motsett sida av Storelva. Utmarka fram om Øyane og setremarka i Øyadalen, der Øyastøylen ligg, grensar i nord til Myklebustsætra. Matrikkelgarden har gardsnummer 28 i Ørsta.

Garden hadde seks bruk fram til andre halvparten av 1800-talet. Fem av desse låg i eit klyngjetun fram til utskiftinga i 1864-67. Eit sjette bruk låg på Øyahaugen, vel ein kilometer nord for klyngjetunet. Dette bruket vart busett i 1800. Ei ny utskifting av innmarka føregjekk i perioden 1934-37.

Køyreveg til Myklebust vart opparbeidd frå siste halvpart av 1860-åra.

Folketal:[endre | endre wikiteksten]

  • 1801: 34 personar (6 heimar)
  • 1865: 50 personar (7 heimar)
  • 1900: 59 personar (8 heimar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øye, Asbjørn: Follestaddalen i farne dagar, Stend 1983
  • Folketeljingar for 1801, 1865 og 1900