Java
(Omdirigert frå Øya Java)
- Sjå òg programmeringsspråket Java

Java er ei av hovudøyane i Indonesia. Ho ligg sør for Borneo og aust for Sumatra. Øya har eit areal på 132 107 km² og er tett folkesett av rundt 126,5 millionar. Den indonesiske hovudstaden Jakarta ligg vest på Java.
Java er ei av Sundaøyane. Nesten heile øya er av vulkansk opphav, og har heile 38 fjell med konisk form, eit teikn på at dei er gamle vulkanar. Området er sterkt ramma av jordskjelv.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Java (øy)» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2009.
