Hopp til innhald

Osterøy

(Omdirigert frå Øya Osterøy)
Sjå òg Osterøy kommune.
Osterøy
Haus på Osterøy
Haus på Osterøy
Geografi
StadNordhordland
Koordinatar60°32′N 05°34′E / 60.533°N 5.567°E / 60.533; 5.567
Areal328 km²
Høgaste punktHøgafjellet (869 moh.)
Administrasjon
LandNoreg
FylkeVestland
Største busetnadValestrandfossen (1374 innb.)
Demografi
Folketal8200 (2023)
Folketettleik25 /km²

Osterøy er ei innlandsøy som ligg like nordaust for Bergen i Vestland. Øya er omringa av Osterfjorden i nord og vest, Sørfjorden i sør og Veafjorden i aust. Osterøy er den største av øyene i Noreg som ikkje vender direkte ut mot havet, og har eit totalt areal på 330,16 km².[1] Osterøy er delt mellom kommunane Osterøy og Vaksdal, der Vaksdal kommune dekkjer ein del nordaust på øya.

Det bur om lag 8200 menneske (2023) på Osterøy. Det høgste fjellet er Høgafjellet som strekkjer seg 870 moh., medan Brøknipa (822 moh.) er det nest høgste.

Kommunikasjon

[endre | endre wikiteksten]

Fredag 3. oktober 1997 vart ein merkedag då den 1065 meter lange hengebrua, Osterøybrua, over Sørfjorden mellom Kvisti på øya og Herland på fastlandet vart opna av samferdsleminister Sissel Rønbeck. Men øya vart første gong landfast i 1985 då brua over Kallestadsundet i Vaksdal kommune stod ferdig. Dette brusambandet gagna berre innbyggjarar i Vaksdal kommune. I tillegg til desse to brusambanda finst ferjesamband mellom Valestrand og Breistein.

Fjell på Osterøy

Namnmoh.
Høgafjellet869m
Brøknipa / Bruviknipa822m
Rispingen742m
Kvamsfjellet694m
Vedafjellet673m
Såtefjellet666m
Stangfjellet640m
Stemmeseggi572m
Vestrefjellet559m
Tveitefjellet / Settnipa556m
Hoklane483m
Erstadfjellet466m
Hæddena462m
Raunelifjellet458m
Rotten438m
Iseggene374m
Burkelandsfjellet365m
Klubben352m
Sørkletten341m
Myrbærstøfjellet318m
Verafjellet314m
Orratuva303m

Folketalsutvikling:

1900[2] 2000[3][4] 2023[3][4]
5551 ca. 7050 ca. 8200
Sentrale område av Osterøy sett frå Brøknipa
  1. «100 største øyene i Norge». kartverket.no. Kartverket. 4. juni 2014. Henta 13. februar 2016.
  2. Folketeljing 1900, frå Digitalarkivet
  3. 1 2 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
  4. 1 2 Befolkning og endringer, etter region, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå