Øya St. Tomas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
St. Tomas
øy
Djuni Schlangeninsel.JPG
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria

St. Tomas øy
42°20′29″ N 27°44′3″ E
Wikimedia Commons: St. Thomas Island

St. Tomas (bulgarsk св. Тома, sv. Toma) eller Slangeøya (Змийски остров, Zmijski ostrov) er ei bulgarsk øy i Svartehavet, 15 km sør for Sozopol. Ho har eit areal på 3 000  m²[1] og er del av Ropotamo naturreservat.

St. Thomas er kalla opp etter eit kapell vigd til Apostelen Tomas, som ein gong låg på øya. Det andre namnet, Slangeøya, kjem av dei mange grå vasslangane som finst på øya, og som lever av fisk.

Kaktusar på St. Tomas.

Øya er den einaste staden i Bulgaria med viltveksande kaktusar. Dei vart tatt med frå Bratislava og planta her etter ordre frå tsar Boris III i 1933. Sidan då har dei spreidd seg og dekt det meste av øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]