Hopp til innhald

Øya Tustna

Tustna
Tustnafjella sett frå Kvernberget i Kristiansund.
Foto:
Harald Oppedal
Tustnafjella sett frå Kvernberget i Kristiansund.

Foto: Harald Oppedal

Geografi
StadNordmøre
Koordinatar63°11′N 08°03′E / 63.183°N 8.050°E / 63.183; 8.050
Areal89 km²
Høgaste punktSkarven (896 moh.)
Administrasjon
LandNoreg
FylkeMøre og Romsdal
Demografi
Folketalca. 800 (2024)
Folketettleikca. 9 /km²

Tustna er ei øy i Aure kommuneNordmøre. Øya var del av Edøy kommune fram til 1874, så utgjorde ho hovuddelen av Tustna kommune fram til 2006, då han vart slått saman med Aure kommune.

Uttale og bruk

[endre | endre wikiteksten]

Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på»+akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:

  • «E[1] ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
  • «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)

Namnet vart oftast skrive «Tusteren» på dansk1800-talet. På nederlandske kart frå 1600-talet finst namnet i forma «Toester». Ein antek at namnet kjem av norrønt «Þústr» (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.

Fjella på Tustna er frå gammalt eit landemerke for sjøfarande, og dei er framleis noko av det som lokkar folk til Tustna.

Tettstader

[endre | endre wikiteksten]
  • Gullstein - tidlegare kommunesenter. Gullstein kirke ligg plassert her. Bru over Sålåsundet til Stabblandet.
  • Leira - ligg midtvegs mellom Tømmervåg og Gullstein på nordsida av Tustna. Staden har utvikla seg til å bli sentrum på Tustna med skule, to daglegvarebutikkar, bilverkstad og andre servicefunksjonar. Idrettsarenaen Høgda stadion, som høyrer til Tustna idrettslag, ligg òg her.
  • Tømmervåg - sørvest på øya. Tustna ungdomsskule ligg her, i tillegg held ungdomsklubben til her med møter i lokala til Honky Tonk Cruisers, ein bilklubb for amerikanske bilar. Lokala er i ein nedlagd butikk. Frå Tømmervåg ferjekai er det ferjesamband til Seivika ferjekai i Kristiansund.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for øya Tustna (medrekna Golma)

1801[2] 1900[3] 2000[4] 2024[4]
381 1017 930 808

Biletgalleri

[endre | endre wikiteksten]

Fjella på Tustna

[endre | endre wikiteksten]

Utsikt frå Tustna

[endre | endre wikiteksten]
  1. Tradisjonell dialekt har e for ‘eg’. Merk likevel at yngre dialekt (særleg folk som er fødde etter kring 1980), som elles oftast manglar dativ, har mykje æ.
  2. Folketeljing 1801 for Edøy prestegjeld, frå Digitalarkivet
  3. Folketeljing 1900 for Tustna herred, frå Digitalarkivet
  4. 1 2 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Øya Tustna