Øyestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Øyestad kommune)

Øyestad er ein tidlegare kommune i Aust-Agder. Kommunen vart oppretta som Øyestad formannskapsdistrikt i 1837 og bestod då av prestegjelda Fjære, Froland og Hisøy i tillegg til Øyestad.

Fjære vart skilt ut som eigen kommune i 1846. I 1850 vart òg Froland skilt ut og Øyestad og Hisøy utgjorde Øyestad formannskapsdistrikt. Området hadde på dette tidspunktet 5215 innbyggjarar.

  • 1. januar 1881 vart så Øyestad og Hisøy delt slik at begge vart sjølvstendige kommunar. Øyestad hadde da 4474 innbyggjarar og Hisøy 2652.
  • 1. januar 1962 vart eigedommen Salvestjønn skilt ut frå Øyestad og ein del av Landvik kommune.
  • 1. januar 1992 vart Øyestad, som då hadde 8679 innbyggjarar, innlemma i Arendal bykommune saman med Hisøy, Moland og Tromøy.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]