Øyfjell stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stavkyrkjeportal frå Øyfjell
Foto: Ove Holst
Planke med utskeringar frå korskillet i stavkyrkja
Foto: Ørnulf Hjort-Sørensen

Øyfjell stavkyrkje er ifølgje Lorentz Dietrichson[1] nemnd berre to gongar i mellomalderen: 25. august 1401[2] og i 1453.[3] Kyrkja er omtala av Jens Nilssøn, som visiterte ho i 1595[4] og fortel at det vart ble halde gudsteneste åtte gongar i året. Samme stad går det fram at kyrkja var anneks til Lårdal, noko som varte ved til 1859, då Øyfjell vart lagd til Rauland.[5] I 1662 skal det ha vore behov for vøling. Ein synfaringsrapport frå 1668[1][6] skildrar ei stavkyrkje omgjeven av svalgangar, og det let til at kyrkja er i brukbar stand. Stavkyrkja vart riven i 1826, og ny kyrkje (dagens) vart innvigd i 1833.[6]

Stavkyrkjeportal[endre | endre wikiteksten]

Ein portal frå stavkyrkja er bevart i Oldsaksamlinga. Dietrichson seier om portalutskjeringane at dei «tilhører Telemarkstypen, er brede, næsten raa, men kraftige og klare, dog vidner forskjellige merker om, at de tilhører en sen tid.»[7] Dominans av plantemotiv, proporsjonar og det Dietrichson oppfattar som lågare kunstnerisk verd, vert teke til inntekt for dette synet, og Dietrichson meiner portalen stammar frå «betydelig længer ned i tiden» enn den tidfestinga til ca. 1200 som Nicolay Nicolaysen hadde forsøkt seg på tentativt.[8] Roar Hauglid verdset handverket høgare og daterer portalen til midten av 1200-talet.[9] Han meiner same person må stå bak arbeid i m.a. Vinje stavkyrkje og Uvdal stavkyrkje.[10]

I tillegg er det bevart ein gjennombroten planke frå korskillet.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dietrichson, s. 415.
  2. Diplomatarium Norvegicum I:576
  3. Venteleg Diplomatarium Norvegicum II:802, utan at kyrkje- eller soknenamnet er omtala eksplisitt.
  4. Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 379. 
  5. Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Telemark
  6. 6,0 6,1 Brendalsmo, s. 127.
  7. Dietrichson, s. 416.
  8. Ifølgje Dietrichson.
  9. Roar Hauglid (1969). Norske stavkirker. Dreyer. s. Pl. 131. 
  10. Roar Hauglid (1973). Norske stavkirker: Dekor og utstyr. Dreyer. s. 185 og 198. 
  11. Sjå t.d. Hauglid (1973), s. 358.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]