Øygarden–Sotra Rutelag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Øygarden & Sotra Rutelag)

Øygarden-Sotra Rutelag L/L (ØSR) var eit transportselskap med hovudkontor på StraumeLitlesotra. ØSR vart stifta etter ein fusjon mellom Sotra Billag L/L og Øygardsbåtane L/L i 1960. Kjerneområdet til selskapet var persontransport med buss i kommunane Sund, Fjell og Øygarden, og mellom desse og Bergen. I tillegg til dette hadde laget godstransport og båt- og ferjetransport i området.

Bussane til Øygarden-Sotra var stort sett av halvturist-standard, og fargene var grøn med gule striper. Logoen var ein vimpel med bokstavane ø og s.

Øygarden-Sotra Rutelag L/L fusjonerte med Askøy-Bergen Bil A/S og Rutelaget Bergen-Vest A/S i 1992, og VestTrafikk AS vart dermed danna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]