Øynefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øynefjorden
Øynefjorden
Øynefjorden (i framgrunnen) sett frå nær Sjondarhaug i Kvinnherad.
Foto: Christoffer Hjeltnes Støle
LandFlag of Norway.svg Noreg
FylkeVestland
KommuneKvam, Kvinnherad
Plassering

Øynefjorden
60°7′16″ N 5°55′13″ E

Øynefjorden er ein del av Hardangerfjorden på vestsida av Varaldsøy i Kvinnherad kommune. Fjorden er den vestlege fortsetjinga av Kvinnheradsfjorden og har innløp mellom Gjermundshamn og Skjelnesodden på Varaldsøy i sør. Frå her strekkjer fjorden seg 11,5 km nordover til Mundheim i Kvam kommune.

Frå Gjermundshamn går det ferje over til tettstaden Varaldsøy. Vest for Skjlenesodden ligg Sildafjorden som går på sør og austsida av Varaldsøy. På nordsida av Varaldsøy går Bondesund austover til Hissfjorden som går vidare nordaustover.