Øyposten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Øyposten er ei lokalavis som vert utgjeven i Finnøy og Rennesøy i Rogaland fylke. Redaktør er Rune Nedrebø. Avisa har kontor på JudabergFinnøy. Avisa kjem ut ein gong i veka (torsdag), totalt 48 gonger i året.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Avisa starta som kommunalt informasjonsblad i 1970.[1] I 1999 vart Øyposten aksjeselskap. I dag har avisa fem tilsette. Rune Nedrebø vart tilsett som ny redaktør i september 2019.[2] Tidlegare redaktørar er blant anna Edd Meby og Jon Asgaut Flesjå. Etter kommunesamanslåinga i 2020 der Finnøy og Rennesøy blei ein del av Stavanger kommune, blei også Rennesøy med som ein del av dekningsområdet til avisa.

I juni 2021 blei 80 prosent av Øyposten AS kjøpt opp av Schibsted,[3] noko som innebar både Øyposten og nettavisa Randaberg24. I ettertid kjøpte konsernet også opp dei siste 20 prosenta,[4] og avisa er dermed heileigd av Schibsted.[5]

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[6]

År Nettoopplag

2004 1 157
2005 1 157
2006 1 191
2007 1 254

2009 1 390
2010 1 458
2014 1 391

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fakta om Øyposten», Øyposten, arkivert frå originalen 11. november 2021, henta 11. november 2021 
  2. «(+) Rune (66) vraket pensjonistlivet for avisen som vokser mest i fylket: – Verdens beste yrke», m24.no (på norsk bokmål), 1. oktober 2020, henta 11. november 2021 
  3. Waatland, Erik (9. juni 2021), «Schibsted kjøper lokalaviser: Øyposten og Randaberg24 i Rogaland», m24.no (på norsk bokmål), henta 11. november 2021 
  4. «Dickinson sel seg heilt ut av Øyposten», Øyposten, 28. september 2021, henta 11. november 2021 
  5. Weiberg-Aurdal, Jan Magnus (17. september 2021), «Iris Elin Ullvang er ny journalist i Øyposten», m24.no (på norsk bokmål), henta 11. november 2021 
  6. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakkgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]