Øyratinget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Øyratinget eller Øratinget, bokmål òg Øretinget, var eit tingsete i Nidaros (Trondheim), ved utløpet av Nidelva. Harald Hårfagre vart teken til konge her. Under Harald Hardråde fekk kongshylling på Øyratinget riksomfattande verknad. Frå 1204 måtte kongen sverje kongseida på skrinet til Heilag-Olav. Øyratinget vart flytt til Domkyrkjegarden.

Dei trøndske fylka[endre | endre wikiteksten]

Dei fire inntrøndske fylka var

  1. Sparbyggjafylki - seinare Steinkjer og Snåsa.
  2. Eynafylki - seinare Beitstad, Inderøy og Verran.
  3. Verdølafylki - seinare Verdal.
  4. Skeynafylki - seinare Skogn, Ytterøy og Mosvik.

Dei fire utrøndske fylka var

  1. Stjørdølafylki - seinare Stjørdal, Meråker, Klæbu, Selbu og Tydal.
  2. Strindafylki - seinare Strinda, Leksvik, Frosta og Åsen.
  3. Gauldølafylki - heile Gauldal.
  4. Orkdølafylki - heile Orkla med Børsa, Skaun og Byneset.

Uttrønderane sin tingstad var på Øyra (Øra) ved elveosen til Nidelelva ved garden Lade. Namnet Lade er avleia frå lasteplass, opplagsstad eller marknadsstad. Inntrønderane heldt sitt tilsvarande ting ved Mære i Sparbu. Etter kvart vart denne samanslutninga utvida. Uttrønderane og inntrønderane slutta seg saman til eit lovsamband, og Øyratinget vart då sams for heile Trøndelag.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Henry Røsoch, Trondheims historie, utgitt i 1939 av Trondheim kommune på F. Bruns Bokhandel forlag.