Øyreselar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øyreselfamilien
Australsk sjøløve (Neophoca cinerea)
Australsk sjøløve (Neophoca cinerea)
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Caniformia
Infraorden: Selar Pinnipedia
Familie: Øyreselfamilien Otariidae
Gray, 1825

Øyreselar (Otariidae) er ein familie som høyrer til rovdyra og som er kjenneteikna ved at medlemmene har ytre øyre og baklemmer som kan bøyast framover og vert brukt når dei er på land. Denne gruppa finst i Stillehavet, Indiahavet og subantarktiske område. Til denne gruppa høyrer mellom anna anna pelsselartane og sjøløveartane, men dyra i denne familien, som utgjer sju slekter og fjorten artar, finst altså ikkje langs norskekysten.

Dyr i denne familien er gjerne særs sosiale. Dei dannar store flokkar under paringstida, der individuelle hannar, avhengig av posisjon og styrke, forsvarer eit harem på 3-40 hoer. Ein fullvaksen sjøløvehann kan vege opp mot om lag tusen kg.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]