Øystad kvernhusanlegg

Koordinatar: 59°30′59″N 6°38′6″E / 59.51639°N 6.63500°E / 59.51639; 6.63500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvernhusanlegget på Øystad i Suldal.

Øystad kvernhusanlegg er ei avdeling under Ryfylkemuseet. Det ligg på Kvernhusbakken (Brubakken) ved Øystad i Suldal kommune.

I kvernhuset er det ikkje mindre enn tre kverner som har tilhøyrt gardane Øystad, Sukka og Steinbru. Ved sida av står eit tørkehus. For å føre vatn til alle kvernkallane er det opparbeidd ein kanal, og frå denne har det vore eit sinnrikt rennesystem som nå er borte. Kvernhusanlegget er lett tilgjengeleg attmed vegen ved Øystad i Kvilldal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°30′59″N 6°38′6″E / 59.51639°N 6.63500°E / 59.51639; 6.63500