Øystein Øvretveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øystein Øvretveit
Øystein Øvretveit 2014.JPG
Personleg informasjon
Full namnØystein Øvretveit
Fødd25. juni 1994
FødestadBergen
Høgd193 cm
SpelarposisjonMålvakt
Klubbinformasjon
Noverande klubbBrann
Draktnummer12
Ungdomskarriere
-2009Noreg Telavåg, Noreg Skogsvåg
Seniorspelar*
ÅrLagKmp (mål)
2011Noreg Åsane (lån)-
2012-Noreg Brann5 (0)
Landslag
2009Noreg Noreg G151 (0)
2010Noreg Noreg G167 (0)
2011Noreg Noreg G179 (0)
2012Noreg Noreg G186 (0)
2012Noreg Noreg G193 (0)
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen og oppdatert 17. mai 2013.
† Kampar (mål).

Øystein Øvretveit (fødd 25. juni 1994) er ein norsk fotballmålvakt. Øvretveit er oppvaksen i Sund kommuneSotra og spelar i dag i Brann.[1]

Øvretveit var viktig på gutelaget til Brann som vann NM hausten 2010. Han kom til Brann som 15-åring etter å ha spelt ein periode for Skogsvåg, men spelte dei første åra sine for Telavåg. Øvretveit spelte dei fleste kampane for Brann 2 i tredjedivisjon våren 2011, i tillegg til kampane til juniorlaget.[2]

Øvretveit vart tekne ut av trening i fleire månader vinteren 2011-2012 på grunn av uregelmessige hjarteslag, men vart friskmeldt og rykte opp som tredjekeeper for laget i 2012, bak Jørgen Mohus og Piotr Leciejewski.[2]

Øvretveit blei tredjemålvakt for A-laget til SK Brann i 2012-sesongen. Men då andremålvakt Jørgen Mohus skadde fingeren ei veke før start, og fyrstemålvakt Piotr Leciejewski skadde skuldra i kampen mot Rosenborg 25. mars, debuterte Øvretveit som Brann-målvakt i Tippeligaen då han kom inn innbyttar i denne kampen, 17 år gammal.[3] Leciejewski kom attende frå skaden to veker seinare, og i mellomtida vart Hannes Halldorsson vart henta inn som andreval ut april. Leciejewski vart skadd igjen på 16. mai-kampen dette året, og igjen vart Øvretveit bytta inn. Leciejewski vart ute ei stund, og Øvretveit fekk dermed tre kampar frå start mot Aalesund, Fredrikstad og Tromsø. Som 17 åring hadde han dermed fått fem kampar i Tippeligaen.[2]

Øvretveit har spelt for alle aldersklassane av landslaget frå G15 opp til G19. Han debuterte for G15 22. september 2009 i ein kamp mot Sverige. Året etter spelte han sju kampar for G16 og i 2011 ni kampar for G17. Same året debuterte han for G18, som han spelte seks kampar før, før han i april 2012 debuterte for G19.[4]

I januar 2013 forlenga Øvretveit avtalen sin med Brann og har kontrakt fram til og med sesongen 2015.

Sesong Lag Turn. Kmp Min Ins.m. Ass. Sm G.k. R.k. Resultat
V U T
2013 Brann Tippeligaen 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0
2012 Brann Tippeligaen 5 385 7 0 0 0 0 2 0 3
Totalt 5 385 7 0 0 0 0 2 0 3

[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Brann – spelarstallen 2013
Målmenn
Noreg 1 Jørgen Mohus
Noreg 12 Øystein Øvretveit
Flag of Poland.svg 24 Piotr Leciejewski
Forsvarsspelarar
Island sitt flagg 2 Birkir Már Sævarsson
Noreg 4 Simen Wangberg
Noreg 7 Hassan El Fakiri
Sverige 18 Markus Jonsson
Ungarn 21 Zsolt Korcsmár
Sverige 27 Erdin Demir
Noreg 30 Jonas Grønner
Midtbanespelarar
Noreg 8 Fredrik Haugen
Flag of Austria.svg 9 Martin Pusic
Noreg 14 Fredrik Nordkvelle
Flagget til Mali 17 Stéphane Badji
Noreg 26 Kasper Skaanes
Noreg 29 Kristoffer Barmen
Noreg 32 Tomasz Sokolowski
Angrepsspelarar
Flag of Russia.svg 11 Vasilij Pavlov
Noreg 19 Kristoffer Larsen
Noreg 22 Amin Askar
Noreg 23 Erik Huseklepp
Noreg 28 Bård Finne