Øystein Øysteinsson Møyla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øystein Øysteinsson Møyla
Verkeleg namn Eysteinn Meyla
Fødd 1157
Død

1177
Re

Øystein Øysteinsson Møyla på Commons

Øystein Øysteinsson Møyla (11571177) var den første leiaren av birkebeinarane. Han vart gjeve kongsnamn på Øyratinget i 1176.

Øystein Møyla var son av kong Øystein II Haraldsson. Tilnamnet «Møyla» tyder 'vesle møy' eller 'vesle kvinne', og tilnamnet fekk han på grunn av sin unge alder og barnslege utsjånad.[1]

Då Øystein Haraldsson blei drepen i den første fasen av borgarkrigstida i maktkampen mot broren Inge Krokrygg,[2] samla tilhengjarane hans seg først under sonen til Sigurd Munn, Håkon Herdebrei. Håkon blei nedkjempa av Erling Skakke under slaget ved Sekken, nær Veøya i Romsdalen i 1162.[3]

I 1174 danna motstandarane til Erling Skakke ein flokk som fekk tilnamnet birkebeinarar. Med Øystein Møyla som leiar inntok de Trondheim, og på Øyratinget i 1176 utropte dei han til konge. Øystein Møyla og birkebeinarane gjorde deretter opprør mot Erling Skakke og den unge sonen hans, kong Magnus V Erlingsson. I januar 1177 blei birkebeinerne grundig slått i slaget på Re. Øystein Møyla kom seg unna, men blei drept av en bonde då han ba om grid.[4] Dette slaget er det siste som er nmend i Heimskringla.

Den neste leiaren av birkebeinarane var Sverre Sigurdsson, som regjerte som konge av Noreg frå 1184 til han døydde i 1202.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorre, Magnus Erlingssons saga, kap. 36
  2. Snorre, Haraldssønnenes saga, kap. 32
  3. Snorre, Håkon Herdebreis saga, kap. 7
  4. Snorre, Magnus Erlingssons saga, kap. 42-43