Øystein Adilsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øystein Adilsson
Død600
Mälaren
Hus eller slektYnglingeætta
MorYrsa
FarAdils
BarnYngvar Øysteinsson

Øystein Adilsson var ein konge av Ynglingeætta, skildra hjå Snorre Sturlason og i Den eldste Noregshistoria. Øystein skal ha levd på den tida Rolv Krake fall. Han var son av kong Adils, som er nemnd i fleire kjelder.

Snorre fortel korleis Øystein rådde i ei tid med mykje ufred. Mellom anna hadde Øystein vanskar med ein kong Solve frå Nærøy, som hadde jord på Jylland og i Sverige. Solve kringsette halla til Øystein og brende han inne.

Tjodolv frå Kvine segjer:

Øystein veit eg
enden fann
på live i Lovund,
so lagnaden vilde.
Og juten, kvad dei,
inne brende
Stor-kongen
med svia-menn.
Den som skogen
øyder av
på hovdingen fauk
i heimen hans eigin
då den trauste
timber-stogo
av kjempur full
yvi kongen brann.

Yngvar Øysteinsson hemna far sin, seier Snorre.

Den eldste Noregshistoria[endre | endre wikiteksten]

Etter denne framstillinga var det gautane som brende Øystein inne. "Juten" i kvadet over er mistydd av Snorre. Dette fell inn i ei problemstilling som og er nemnd i Béowulf, der det er strid mellom svear og gautar.