Øystein Bagle-Tennebø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øystein Bagle-Tennebø

Øystein Bagle-Tennebø (fødd i 1974) er ein norsk siviløkonom, forfattar, musikkskribent og fotograf. Han er fødd og oppvaksen på Tennebø i Vågsøy kommune.

Bagle-Tennebø har vore dagleg leiar i Bondeungdomslaget i Oslo sidan oktober 2018[1]. Tidlegare har han mellom anna vore personalsjef i partiet Høgre. Sidan 2015 har han skrive om musikk og fotografert konsertar for www.musikknyheter.no[2].

Bokutgivingar av Øystein Bagle-Tennebø[endre | endre wikiteksten]

  • Peter and Roger – 2014
  • Gordon Brown – 2014 (I samarbeid med Enid L. Morgon)

I tillegg har han skrive eit filmmanus og ei bok, Maktens Pris, som ikkje er utgjett enno.

Balge-Tennebø er skilt og har to born, Jesper og Agnes[3].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]