Øystein Havang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Øystein Havang (fødd 3. september 1964) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Tønsberg som i tida frå mai 1987 til mai 1997 deltok i 188 landskampar og skåra 718 mål. Perioden 1993-2004 var han med om å vinne tre noregsmeisterskap og like mange seriepokalar for Sandefjord TIF.

Havang var høgre rykkromspelar. Han spelte på Tønsberg Turns tredjedivisjonslag til 1986. Deretter spelte han ein sesong på Oppsal IF i toppdivisjonen og frå 1987 til 1989 to år på Fredensborg/Ski. Sommaren 1989 skreiv han kontrakt med den vesttyske klubben Bayer Dormagen/Niederwürzbach. Etter tre år i Tyskland vart Havang Sandefjord-spelar frå hausten 1992. Med Sandefjord TIF vart han norsk meister i 1993, 1999 og 2003 og seriemeister tre gongar. Han var toppkårar i eliteserien 1997 og 1998. Inn i mellom desse triumfane med Sandefjord var Havang 1994-96 aktiv i den sveitsiske toppklubben Grashoppers frå Zürich. I 2004 vart han kåra til til årets spelar i Noreg, same året la han opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]