Øystein Hovdestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øystein Hovdestad
Fødd7. september 1846
Død21. juni 1926
Verka sommusikar

Øystein Bjørnsson Hovdestad, (7. september 184621. juni 1926)[1] [2] var ein spelemann og smed frå Vinje i Telemark. Hovdestad er eit døme på ein spelemann som er rekna meir som verdifull kjelde enn som god utøvar.

Øystein var son av spelemannen Bjørn Hovdestad. Faren hadde vore mykje i lag med Myllarguten, og soleis kom Øystein til å verte ein viktig kjelde for myllarspel i Vinje. Av dei som fekk slåttar frå han, kan ein nemne Olav Groven og broren Eivind Groven, mellom andre. Hovdestad var og felemakar, oppfinnar og noko av ein tusenkunstnar. Folketeljingane 1865, 1875 og 1900 gjev opp smed som yrkesnemning, ei av dei kallar han børsesmed. Han var ikkje gift, men budde på farsgarden som vart driven av slekt.

Slåttar skrivne ned etter Øystein Hovdestad[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket har trykt opp tjuge slåttar etter Øystein Hovdestad, alle skrivne ned av Eivind Groven mellom 1918 og 1921.

  • nr 107d: Gangar (6/8). Nedskrift 1919 (G 723). Variant av Duft.
  • nr 112 b: Moghusen (gangar 6/8). Nedskrift 1919 (G 601). Variant av Moghusfela. Slåtten er skriven ned etter både Hovdestad og Tarjei Tvigyva frå Lårdal.

Springar:

  • nr 262: Lange-Jon. Nedskrift 1919 (G 730). Eivind Groven spela inn slåtten for NRK i 1949.
  • nr 263: Fanteladda. Nedskrift 1920 (G 731). Slåttenamnet skriv seg frå Valdres, men slåtten har lite med valdresforma å gjera. Stevet går: Fanteladda vørde ikkje at ho dansa seg spent i hel.
  • nr 264: Springar. Nedskrift 1919 (G 735). Byrjar likt med slåtten Frå morgon til kveld.
  • nr 265: Vriompeisen. Nedskrift 1919 (G 740). Slåtten har noko sams med Igletveiten. Elles har slåtten taktskifte, og kan vera komen med Myllarguten frå Vestlandet. Eivind Groven spela han inn i 1949.

NB: Desse nummera finst berre i form etter Øystein Hovdestad!

  • nr 372b: Skrylte-Hans. Nedskrift 1921 (G 380). Hovdestad hadde slåtten etter faren Bjørn Hovdestad, som hadde han frå Myllarguten. Slåttenamnet skriv seg frå ein kar med pukkelrygg (skryll). Variant a er etter Gamle-Kleven, som hadde slåtten frå Knut Fosslia. Slåtten er vel komen til Telemark med Myllarguten (frå Krødsherad.
  • nr 481c: Springar. Nedskrift 1919 (G 736). Dette er ein liten slåttekrins som for det meste er dokumentert i Telemark. Variant a etter Ola Mosafinn er einaste unnataket. Slåtten er venteleg etter Ole Kolsrud frå Heddal.
  • nr 620: Springar. Nedskrift 1921 (G 386).
  • nr 621: Romleskaft. Nedskrift 1919 (G 722). Minner noko om Slidringen i opningstaket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]