Øyvin Thon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øyvin Thon
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. mars 1958 (64 år)
Drammen
Idrett orientering
Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje

Øyvin Thon (fødd 25. mars 1958) er ein norsk tidlegare orienteringsløpar frå Drammen. Han vart verdsmeister i 1979 og 1981, dessutan var han med om å vinne fem VM-gull i stafett i rad i tida 1981-89 og fire stafett-gull i nordisk meisterskap perioden 1980-86, også det i rad. Thon, som fyrst vart medlem i IF Sturla og seinare Bækkelaget SK, vart norsk meister på klassisk-distansen i 1980 og på langdistansen i 1981, 1983 og 1986.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]