Øyvind
Øjvind het han, og gråt da han blev født.
Opningslina i En glad gut av Bjørnstjerne Bjørnson (1860)
|
Øyvind eller Øivind er eit mannsnamn av urnordisk opphav. Nokre har same uttalen av namnet og brukar skrivemåten Eyvind. Ein annan variant av namnet er Eivind.
Namnet kjem av det norrøne namnet Eyvindr, med usikker tyding. Nokre forslag er at ey kjem frå auja («gåve») og wandia: («vendt mot», - for å få eller gje) - eller øy («gåvmild» eller «lykke, hell») og vindr («krigar»). Altså den gåvmilde eller den som får gåver eller heldig krigar. Andre forslag er at ey tyder «øy», «ein som bur på ei øy», og vindr tyder «stridsmann» eller «sigerherre», altså «ein heldig krigar som bur på ei øy». Eller at eit norrønt ei som tyder «alltid» og vind som då tyder «vind, pust, pågangsmot», gjev omsetjinga: «ein som alltid har pust igjen til ny dyst».
Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]
- Øyvind Finnson Skaldespille, norsk skald
- Øyvind Dybvad (1908-1989), norsk teikneserieskapar
- Øyvind Bjorvatn (f. 1931), norsk politikar
- Øyvind Nordsletten (f. 1944), norsk diplomat
- Øyvind Myhre (f. 1945), norsk science fiction-forfattar
- Øyvind Stene (f. 1947), generalsekretær i Redningsselskapet
- Øivind Blunck (f. 1950), norsk skodespelar og komikar
- Øyvind Halleraker (f. 1951), norsk politikar (H)
- Øyvind Vaksdal (f. 1955), norsk politikar (FrP)
- Øyvind Berg (f. 1959), norsk dramatikar og forfattar
- Øyvind Korsberg (f. 1960), norsk politikar (FrP)
- Øyvind Jørgensen (f. 1960), norsk dansar
- Øyvind Alsaker (f. 1965), norsk sportskommentator
- Øyvind Mund (f. 1965), norsk programleiar
- Øyvind Rimbereid (f. 1966), norsk lyrikar
- Øyvind Skaanes (f. 1968), norsk langrennsløpar
- Øyvind Fjeldheim (f. 1969), norsk programleiar
- Øyvind Håbrekke (f. 1969), norsk politikar (KrF)
- Øyvind Brække (f. 1969), norsk jazzmusikar
- Øyvind Leonhardsen (f. 1970), norsk fotballspelar
- Øyvind Vågnes (f. 1972), norsk forfattar
- Øyvind Sauvik (f. 1976), norsk rappar i Paperboys
- Øyvind Bolthof (f. 1977), norsk fotballspelar
- Øyvind Rafto (f. 1978), norsk komikar frå Raske Menn