Øyvind Bolthof

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øyvind Bolthof
Øyvind Bolthof 01.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Øyvind André Bolthof
Høgd 188 cm
Posisjon Målvakt
Nummer 30
Ungdomsklubbar
Bøler IF
Lyn
Bækkelagets SK
Årvoll IL
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1993 Noreg FC Lyn Oslo
1994 Noreg Bækkelagets Sportsklub
1995–97 Noreg Vålerenga
1997–98 Noreg Årvoll
1998–2010 Noreg Vålerenga
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 12. mars 2009

Øyvind Bolthof (fødd 30. mars 1977) er ein norsk tidlegare fotballspelar. Han er målvakt og kom til Vålerenga frå Årvoll i 1995. Han har tidlegare spela i Bøler IF, Lyn, Bækkelaget og Årvoll.

Bolthof er kjent som Vålerengas kanskje mest trofaste og profesjonelle spelar. Han er reserve-målvakt, trass dette rekna som ein god målvakt.

Han hadde kontrakt med Vålerenga ut 2010-sesongen. Etter 2009-sesongen blei Bolthof og klubben einige om å avslutta samarbeidet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten.no Ferdig i Vålerenga, arkivert frå originalen 2010-01-25, henta 19. juli 2019