Øyvind Finnsson Skaldespiller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Øyvind Finnson Skaldespille. (Sjå eventuelt diskusjon)
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Øyvind Finnsson Skaldespiller (norrønt: Eyvindr Finnsson Skáldaspillir) var ein norsk skald, truleg fødd omkring år 912 på Sandnes på Alsta eller på Tjøtta. Han døydde truleg ein gong i 990-åra.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

Mor til Øyvind var ifølgje soga Gunnhild Halvdansdotter, dottedotter til Harald Hårfagre. Faren var Finn Skjalge, son til lendmannen Øyvind Lambe og Sigrid på Sandnes. Mellom slektningane til Øyvind finn vi såleis både kong Håkon den gode, Håkon Sigurdsson ladejarl og skaldane Olve Nuva og Egil Skallagrimsson. Han var far til Hårek på Tjøtta, ein av dei mektigaste hovdingane i Hålogaland.

Etter Skaldatal[1] var han skald hos Håkon den gode og Håkon jarl.

Øyvind var med i slaget ved Fitjar (961) der kong Håkon den gode fekk banesår. Etter at kongen døydde, var han ei tid hjå kong Harald Gråfell, men nokre av lausavisene hans tyder på at han kom i usemje med kong Harald og Eirikssønene. I striden mellom ladejarlane og sønene etter Eirik Blodøks, tok Øyvind parti for Håkon jarl og vart verande hos han resten av livet.

Øyvind levde i ei tid med mykje ufred og store uår i Noreg. Han var den siste norskfødde hirdskalden som ein kjenner til.

Tyding av tilnamnet Skáldaspillir er omdiskutert. I nyare tid er namnet blitt gitt ei negativt tolking, utan at ein finn grunnlag for det i dei norrøne kjeldene. Siste lekken av namnet tyder truleg «øydeleggaren», og tilnamnet spelar kanskje på at han var ein særs dugande skald, i tydinga: «han som øydelegg for andre skaldar». I alle høve er Øyvind rekna mellom dei største skaldane i norrøn tid og Snorre nytta mange av dikta hans i Skaldskaparmål[2], læreboka for skaldskap.

Øyvind Finnson er skalden det er vist til i andre verset av den norske nasjonalsongen «Ja vi elsker».

Ved Tjøtta kyrkje er det reist ein minnebauta over Øyvind Skaldespiller[3], med ei minneplate med innskrifta: Øyvind Finsson Skaldespiller 912-995. Lita er lidande stund men lang er matmåls-stunda.

Skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Øyvind Finnsson skal ha dikta ei Islendingadråpa, som er gått tapt. Kjende dikt av han er desse:

  • Håkonarmål[4] er eit minnekvad over kong Håkon den gode.
  • Håløygjatal[5] er eit genealogisk dikt om opphavet til Håløygætta, heilt attende til Sæming, sonen til Odin og jotnekvinna Skade. Det har vore ein teori om at Øyvind plagierte Ynglingatal då han skreiv Håløygjatal (dei er i same versemål: ''kviðuháttr''), men nyare forskarar[6] stiller seg tvilande til dette, det kan til og med tenkast at det er Håløygjatal som er eldst av dei to dikta.
  • Lausaviser[7] 14 vers er kjende.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skaldatal heimskringla.no, frå Snorre-Edda
  2. Skaldskaparmål frå heimskringla.no
  3. Minnebauta over Øyvind Skaldespiller (Digitalt Museum)
  4. Håkonarmål frå Skaldic Project
  5. Håløygjatal frå Skaldic Project
  6. Ynglingatal og Ynglingesaga en studie i historiske kilder, Claus Krag 1991
  7. Lausaviser frå Skaldic Project

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]