Øyvind Nordsletten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øyvind Nordsletten
Fødd 1. juni 1944
Bryne
Yrke diplomat

Øyvind Nordsletten (fødd 1. juni 1944 på Bryne) er ein norsk diplomat som har hatt fleire ambassadørplasseringar og leiarstilingar i embetsverket.

Utdanning og erfaring[endre | endre wikiteksten]

Nordsletten gjennomførte førstegangstenesta ved Forsvarets russiskkurs og avtente plikttenesta ved Garnisonen i Sør-Varanger. Han studerte humaniora ved Universitetet i Oslo frå 1970 til 1974.[1]

Yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Nordsletten gjekk inn i den norske utanrikstenesta i 1974. Frå 1977 til 1979 var han attaché og seinare andresekretær ved den norske ambassaden i Tyrkia. Nordsletten var førstesekretær ved den norske ambassaden i Russland i tida 1979–1982, og var ambassadør der i perioden 2000–2008. Verkeområdet hans omfatta også Armenia og fem land i Sentral-Asia. I tida 1992–1996 var han norsk ambassadør i Ukraina og Kviterussland. 17. november 2008 blei han utnemnd til ambassadør i Irland.[1]

Frå 1982 til 1992 og frå 1996 til 2000 arbeidde Nordsletten i Noreg, og var då tilsett i leiande stillingar ved ulike departement. Mellom 1997 og 2000 leidde han internasjonal avdeling ved Statsministerens kontor.[2][1]

Privat engasjement, prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Nordsletten blei utnemnd til æresmedlem i Norsk-russisk handelskammer i 2008 for sitt bidrag til å forbetra norsk-russiske forretningstilhøve.[3]

Som utflytta jærbu har Nordsletten halde kontakten med heimstaden Time. Saman med kona Åslaug Undheim flytta og restaurerte han eit over hundre år gammalt jærhus, «Arkjå».[4] I 2008 fekk dei kulturvernprisen til Time kommune for restaureringa.[5] Same året gjorde han framlegg om å verna ei gammal torvmyr i kommunen som kulturminne, og fekk gjennomslag for dette i kulturminneplanen til kommunen.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 norway.ie: «H.E. Mr. Øyvind Nordsletten, Ambassador of Norway to Ireland».
  2. Sverre Strandhagen: «Kampen om UD» hjå Dagens Næringsliv (13.01.2005).
  3. «Æresmedlemskap til Russlandskjennere» hjå Fredriksstad Blad (04.12.2008).
  4. Erlend Skarsaune: «Ambassadør for gjenbruk» hjå Jærbladet (05.11.2008).
  5. Ane Madsen: «Kulturell priskveld» hjå Jærbladet (08.11.2008).
  6. Geir Sveen: «Ambassadør får verna jærsk torvmyr» hjå Stavanger Aftenblad (16.10.2008).