Øyvind Finnson Skaldespille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Øyvind Skaldespille)
Hopp til navigering Hopp til søk
Øyvind Finnson Skaldespille
Eyvindr Finnsson Skáldaspillir
DødAlstahaug
Andre namnØyvind Finnsson Skaldespiller
LandNoreg
BarnHårek av Tjøtta

Øyvind Finnson Skaldespille (Eyvindr Finnsson Skáldaspillir) var ein norsk skald, truleg fødd på SandnesAlsta eller på Tjøtta omkring år 912. Han døydde truleg ein gong i 990-åra.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

Mor til Øyvind var ifølgje soga Gunnhild Halvdansdotter, dotter til Halvdan Jarl og Ingebjørg Haraldsotter, som var dotter til Harald Hårfagre. Faren skal vere Finn Skjalge, son til lendmannen Øyvind Lambe og Sigrid på Sandnes.[1]

Mellom slektningane til Øyvind finn ein såleis både kong Håkon den gode, Håkon Sigurdsson ladejarl og skaldane Olve Nuva og Egil Skallagrimsson. Han var far til Hårek på Tjøtta, ein av dei mektigaste hovdingane i Hålogaland.

Øyvind Finnson var ein sentral skald og rådgjevar i hirda til Håkon den gode. Skaldatal fortel at han var skald hos både Håkon den gode og Håkon jarl.[2]

Øyvind var med i slaget ved Fitjar (961), der kong Håkon den gode fekk banesår. Etter at kongen døydde, var han ei tid hjå kong Harald Gråfell, men nokre av lausavisene hans tyder på at han kom i usemje med kong Harald og Eirikssønene. I striden mellom ladejarlane og sønene etter Eirik Blodøks, tok Øyvind parti for Håkon jarl og vart verande hos han resten av livet.

Øyvind levde i ei tid med mykje ufred og store uår i Noreg. Han var den siste norskfødde hirdskalden som ein kjenner til.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Tilnamnet «Skaldespille» er ikkje sikkert forklart. Siste lekken av namnet tyder truleg 'øydeleggaren'. I nyare tid er namnet blitt gitt ei negativt tolking, som at Øyvind ved å plagiere eldre verk braut reglane for god skaldeskikk.[3] Tilnamnet kan òg tolkast som «han som heller ut skaldskap».[4] Tilnamnet kan også kanskje spela på at han var ein særs dugande skald, i tydinga 'han som øydelegg for andre skaldar'. I alle høve er Øyvind rekna mellom dei største skaldane i norrøn tid og Snorre nytta mange av dikta hans i Skaldskaparmål,[5] læreboka for skaldskap.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Øyvind Finnson er skalden det er vist til i andre verset av den norske nasjonalsongen «Ja vi elsker».

Ved Tjøtta kyrkje er det reist ein minnebauta over Øyvind Skaldespille,[6] med ei minneplate med innskrifta: Øyvind Finsson Skaldespiller 912-995. Lita er lidande stund men lang er matmåls-stunda.

Skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Øyvind Finnsson skal ha dikta ei Islendingadråpa, som er gått tapt. Kjende dikt av han er desse:

  • Håkonarmål[7] er eit minnekvad over kong Håkon den gode.
  • Håløygjatal[8] er eit genealogisk dikt om opphavet til Håløygætta, heilt attende til Sæming, sonen til Odin og jotnekvinna Skade. Det har vore ein teori om at Øyvind plagierte Ynglingatal då han skreiv Håløygjatal (dei er i same versemål: ''kviðuháttr''), men nyare forskarar[9] stiller seg tvilande til dette, det kan til og med tenkast at det er Håløygjatal som er eldst av dei to dikta.
  • Lausaviser[10] 14 vers er kjende.

Kjende dikt av Øyvind Finnson er

  • Håkonarmål om Håkon den gode
  • Håløygatal til Håkon Jarl

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oddvar M. Ulvang i «En smakebit av Eyvind Finnson Skaldespillers liv og diktning» i Årbok for Helgeland 2006
  2. Skaldatal heimskringla.no, frå Snorre-Edda
  3. «Den norrøne litteraturen». Europas litteraturhistorie. uis.no. 
  4. Oddvar M. Ulvang i «En smakebit av Eyvind Finnson Skaldespillers liv og diktning» i Årbok for Helgeland 2006
  5. Skaldskaparmål frå heimskringla.no
  6. Minnebauta over Øyvind Skaldespiller (Digitalt Museum)
  7. Håkonarmål frå Skaldic Project
  8. Håløygjatal frå Skaldic Project
  9. Ynglingatal og Ynglingesaga en studie i historiske kilder, Claus Krag 1991
  10. Lausaviser frå Skaldic Project

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]