Øyvind Kjerpeset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Øyvind Strømmen Kjerpeset)
Øyvind Kjerpeset
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1991 (32 år)
Florø
Idrett friidrett
Utmerkingar

Kongepokal

Øyvind Strømmen Kjerpeset (fødd 12. desember 1991) er ein norsk sprintar og hekkeløpar frå Florø. Han er norsk meister fire gongar i 400 meter hekk og ein gong på 200 meter. I 2013 vart han tildet kongepokalen for sin meisterskapsrekord på 50,38 sekund. Kjerpeset er medlem i Florø Turn & Idrettsforening.

Kjerpeset vann gullmedaljen i 400 meter hekk i noregsmeisterskapen både i 2011, 2012, 2013, 2014. Han vart fyrste nordmann under under 50 sekund i øvinga då han i Gateshead 22. juni 2013 fekk tida 49,98 sekund. Seks dagar seinare forbetra han rekorden til 49,95 under eit internasjonalt stemne i Göteborg.

Under NM i friidrett 2013 i Tønsberg vann Kjerpeset både 200 m og 400 meter hekk, den siste på meisterskapstida 50,38 sekund, ein prestasjon som vart lønt med kongepokal. Kjerpeset var i sitt livs beste form i 2013-sesongen, vel ei veke før noregsmeisterskapen sette han personleg rekord på 200 meter med tida 20,98 sekund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.