Øyvind Vågnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øyvind Vågnes
Nasjonalitet Norsk
Fødd 4. august 1972 (47 år)
Yrke Forskar
Periode 2003-
Debut Ingen skal sove i natt

Øyvind Vågnes (fødd 4. august 1972 i Ålesund) er ein norsk forfattar, oppvaksen i Brattvåg, og busett i Bergen. Han debuterte litterært i 2003 med romanen Ingen skal sove i natt. For Ekko (2005) fekk han Nynorsk Litteraturpris.

Vågnes har doktorgraden (dr. art) ved Universitetet i Bergen, og arbeider som forfattar, forskar, redaktør, omsetjar, og kritikar. Som forskar har Øyvind Vågnes vore knytt til ei rekkje prosjekt ved Universitetet i Bergen, Syddansk Universitet, og ved Københavns Universitet. Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture (2011) vart ei av tre nominerte utgivingar i kategorien medie- og kulturstudier under den årlege utdelinga av American Publishers Awards for Professional and Scholarly Excellence.

På 2000-talet sat Vågnes i redaksjonen til det litterære tidsskriftet Vagant, og frå 2010 har han fungert som ansvarleg redaktør for journalen Ekfrase: Nordisk tidsskrift for visuell kultur (Universitetsforlaget). Omsetjingsarbeidet omfattar m.a. nyare nordamerikansk skjønlitteratur (Don DeLillo, Lydia Davis, Rick Moody, David Means) og ei rekkje faglitterære artiklar.

Vågnes har fungert som kritikar i Morgenbladet og i Klassekampen, og har sidan 2000 skrive om musikk i vekeavisa Dag & Tid.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Ingen skal sove i natt - roman (2003)
  • Ekko - roman (2005)
  • Sekundet før - roman (2010)
  • Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture - fagbok (2011)
  • Kennedybildet - boksingel (2013)
  • Den dokumentariske teikneserien - fagbok (2014)
  • Sone Z - roman (2014)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Nynorsk litteraturpris 2005, for Ekko
  • Peter C. Rollins Book Award 2013, for Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]