Úhlava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Úhlava
elv
Uhlava in Sumava.jpeg
Úhlava i fjella Šumava
Land Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia
Nedslagsfelt 919 km²
Lengd 108 km
Middelvassføring 5,78 /s
Kjelde Šumava
 - høgd 1 110 moh.
Munning Radbuza
Wikimedia Commons: Úhlava

Úhlava (tysk: Angel) er ei 108 km lang elv i Tsjekkia, og ei av sideelvane til Radbuza. Ho har sitt utspring om lag 1110 moh. på den vestre sida av fjellet Pancíř (1214 m) i fjellkjeda Šumava. Ho renn mot nordvest og sidan nordover gjennom landsbyane Nýrsko, Janovice, Bezděkov, Klatovy, Švihov, Lužany, Preštice og Štěnovice før ho munnar ut i Radbuza i Plzeň.

Ei av dei største sideelvane hennar er Chodská Úhlava. Elva har eit nedslagsfelt på 919 km² og middelvassføring ved Štěnovice er 5,78 m³/s.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]