Üechtland

Koordinatar: 46°46′15″N 7°10′36″E / 46.770875°N 7.176793°E / 46.770875; 7.176793
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Üechtland på eit kart frå 1732

Üechtland er ein region vest i Sveits, der byane Bern og Fribourg ligg.

Namnet på regionen er ikkje lenger i bruk i dag, men vart nytta for å skilje Fribourg (tysk Freiburg im Üechtland) frå Freiburg (eller Freiburg im Breisgau) i Tyskland. Gamle dokument nemner òg Bern im Üechtland eller Verona im Üechtland, der Verona, er det latiniserte namnet på Bern, for å skilje Bern frå Verona i Italia (på tysk historisk kjend som Bern, og stundom Wälsch-Bern).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

46°46′15″N 7°10′36″E / 46.770875°N 7.176793°E / 46.770875; 7.176793