Ülo Nugis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ülo Nugis
Ülo Nugis 20.8.2009.JPG
Fødd 28. april 1944

Tallinn

Død 18. november 2011
Parti Den estiske folkeunionen

Ülo Nugis (28. april 194418. november 2011) var ein estisk politikar fødd i Tallinn i Sovjetunionen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Frå 1962 studerte Nugis ved Den tekniske høgskolen i Tallinn. I 1967 avslutta han sitt studie i maskinteknikk ved det som no er det kviterussiske nasjonale tekniske universitetet.

Frå 1969–1974 var Nugis ingeniør ved ulike verksemder i Sovjetunionen. Frå 1978 var han direktør for fabrikken «Baudetail», frå 1980–1986 for skiprodusenten «Dünamo» og frå 1986–1990 var han generaldirektør for produksjonsselskapet «Estoplast» . Frå 1988–1991 var Nugis formann for sambandet av Estlands arbeidskollektiv.

I 1990 blei han medlem av Den estiske komitéen, som utgjorde motregjeringa til Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken si kommunistiske regjering. Frå 29. mars 1990 – 6. oktober 1992 var han ordførar i det øvste rådet i Republikken Estland.

Den 20. august 1991 klokka 23:08, under augustkuppet i Moskva, utropte Nugis offisielt Estland sin lausrivnad frå Sovjetunionen. Han var medlem av Riigikogu frå 1992 - 2003, og frå 21. oktober 1992 – 21. mars 1995 var han president i Riigikogu. Etter at han slutta i parlamentet har han vore verksam i privat næringsliv.

Ülo Nugis døydde i 2011 etter lang tids sjukdom.[1] Han etterlèt seg ei enkje og ein son.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]