Þjóðhátíð

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Þjóðhátíð i 2010.

Þjóðhátíð (uttalt θjɒðˈhaʊtiːð, omsett 'nasjonalfestivalen') er ein årleg utandørsfestival som blir halden på VestmannaeyjarIsland i helga før den første månaden i august. Festivalen blir halden i HerjólfsdalurHeimaey av lokale og vitjande over fire dagar. Han omfattar ulike hendingar, som konsertar, bålbrenning, fyrverkeri og allsong.

Den første gongen ein heldt fetivalen var i 1874 då øybuarane blei stoppa av uvêr frå å dra til fastlandet for å feira tusenårsjubileet for den norrøne busetjinga av Island. I dag er Þjóðhátíð den største festivalen på Island med rundt 16  deltakarar - eit fleirtal av dei vitjande frå fastlandet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. History of Þjóðhátíð í Eyjum, dalurinn.is. Vitja 8. april 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]