Ćehotina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ćehotina
elv
Land  Montenegro,  Bosnia-Hercegovina
Nedslagsfelt 1 237 km²
Lengd 125 km
Kjelde Donji Kolašin i Montenegro
Munning Drina
Kart
Ćehotina
43°09′17″N 19°33′08″E / 43.1547°N 19.5521°E / 43.1547; 19.5521
Wikimedia Commons: Ćehotina

Ćehotina (kyrillisk skrift Ћехотина), Ćeotina, Ćotina eller Čehotina er ei 125 km lang elv i Montenegro og Bosnia-Hercegovina, og er ei av dei høgre sideelvene til Drina.

Elveleie[endre | endre wikiteksten]

Ćehotina har sitt utspring i den montenegriske regionen Donji Kolašin, nær grensa til Serbia. Ho renn nordvestover og svingar seg gjennom dei høge fjellområda. Det er svært få busetnadar langs denne delen av elva, bortsett frå landsbyen Vrulje. Ho renn så forbi den austlege fjellsida av fjellet Korijeni, før ho går inn i Pljevaljska kotlina, og inn i byen Pljevlja. Vidare renn ho inn i regionen Podgora og gjennom landsbyane Radosavec, Židovići, Donja Brvenica og Gradac. Ćehotina renn så mellom regionen Bukovica i nord og den nordlege delen av fjellet Ljubišnja, og i eit par kilometer her dannar ho grensa mellom Montenegro og Bosnia-Hercegovina. Elva renn så gjennom landsbyane Vikoč, Falovići, Godijeno og Brusina før ho munnar ut i Drina, der byen Foča ligg.

Ćehotina renn berre 25 km i Bosnia-Hercegovina, medan resten er i Montenegro. Ho har ingen større sideelvar, og den viktigaste er Voloder, som munnar ut i Ćehotina nær Gradac.

Elva har stort potensiale vasskraftproduksjon, men er ikkje nytta enno. Elva er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet (via Drina og Donau), og har sjølv eit nedslagsfelt på 1 237 km². Det er ikkje mogeleg med skipsfart på elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6