ČálliidLágádus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ČálliidLágádus
Org.nummer985249075
Skipa6. desember 2002
HovudkontorKarasjok kommune

ČálliidLágádus (også det norske namnet ForfatternesForlag, det sørsamiske TjaelljiBerteme og det lulesamiske TjállijAimmudahka blir brukt), er ei stifting skipa i 2002. Føremålet er å gje ut bøker som formidlar opplysningar og kunnskap om samar og samiske tilhøve til det samiske samfunnet.[1][2] Stiftinga har hovudkontor i Karasjok og eit avdelingskontor i Båteng i Tana, og driv forlagsverksemd med utgjevingar på nord-, sør- og lulesamisk. Forlaget Jårgalæđđji var forgjengaren til ForfatternesForlag.

Forlagsprofil[endre | endre wikiteksten]

Forlaget gjev framfor alt ut lærebøker på samiske språk, men også skjønnlitteratur, sakprosa og akademisk litteratur. Ein viktig forfattar for forlaget er Maren Uthaug, som gjev ut ei serie satiriske teikneseriar om Ei nesten heilt sann forteljing om den samiske historia. Den første boka i serien var Ságer somá leat sápmelažžan (norsk Det er gøy å være same) kom ut i 2010, seinare har det kome ut tre bøker til, alle på norsk og tre samiske språk.

Utvalde utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Eit tilfeldig utval av utgjevingane til forlaget:[3][4]

  • 2009: Eallit Sámis av Heikkiarmas Lukkari - ei faktabok om samisk natur og miljø.
  • 2010: Ságer somá leat sápmelažžan og Det er gøy å vera same av Maren Uthaug - Satirisk tegneseriebok utgjeven på norsk og nordsamisk.
  • 2012: Samisk reindrift på Grønland av Odd Mattis Hætta - ei historisk framstilling.
  • 2013: Davvisámegiela-ruoŧagiela, ruoŧagiela-davvisámegiela sátnegirji av Mikael Svonni - den første ordboka som er utgjeve på nordsamisk-svensk / svensk-nordsamisk.
  • Diverse julehefte av Pondus, Kapteinens jul og Nemi.
  • Vulle Vuojaš - innbunde hefte av dei første utgåvene av Donald Duck & Co på nordsamisk.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «forlag» (PDF). Galdu.org. Arkivert frå originalen (PDF) 2011-06-10. Henta 1. september 2013. 
  2. «Om ForfatternesForlag». calliidlagadus.org. Henta 1. september 2013. 
  3. Samisk bibliotektjeneste Arkivert 2018-08-26 ved Wayback Machine.. Besøkt 1. september 2013.
  4. ČálliidLágádus: Satire/Tegneserier - Tegneserier.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]