Święty Krzyż-voivodskapet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Święty Krzyż-voivodskapet
Województwo świętokrzyskie
Flagget til Święty Krzyż-voivodskapet Våpenet til Święty Krzyż-voivodskapet
Flagget til Święty Krzyż-voivodskapet Våpenet til Święty Krzyż-voivodskapet
Plasseringa til Święty Krzyż-voivodskapet i Polen
 
Land: Polen
Hovudstad: Kielce
Fylke: 1 by og 13 landfylke
Gmina: 102
Folketal: 1 281 796 (2006)
Areal: 11 672 km²
Folketettleik: 110 /km²
Heimeside: https://www.kielce.uw.gov.pl/

Święty Krzyż-voivodskapet (polsk województwo świętokrzyskie eller berre świętokrzyskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg sør i sentrale område av Polen i den historiske provinsen Veslepolen. Det har fått namn etter Świętokrzyskiefjella og hovudstad og største by er Kielce.

Det grensar til Masoviske voivodskap i nord, Lublin-voivodskapet i aust, Subkarpatiske voivodskap i søraust, Veslepolske voivodskap i sør, Schlesiske voivodskap i sørvest og Łódź i nordvest.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Kielce og vestlege delar av Tarnobrzeg. Det dekkjer eit areal på 11 672 km² og er det nest minste av voivodskapa etter Opole. I 2006 hadde voivodskapet 1 281 796 innbyggjarar.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet har 31 byar og landsbyar. Folketala under er frå 2006 [1]:

1. Kielce (207 718)
2. Ostrowiec Świętokrzyski (73 937)
3. Starachowice (53 092)
4. Skarżysko-Kamienna (49 131)
5. Sandomierz (25 088)
6. Końskie (20 667)
7. Busko-Zdrój (17 297)
8. Jędrzejów (16 577)
9. Staszów (15 499)
10. Pińczów (11 886)
11. Włoszczowa (10 782)
12. Suchedniów (8 911)
13. Połaniec (8 316)
14. Opatów (6 846)
15. Sędziszów (6 813)
16. Stąporków (5 986)

17. Kazimierza Wielka (5 730)
18. Ożarów (4 816)
19. Chęciny (4 252)
20. Chmielnik (4 005)
21. Małogoszcz (3 943)
22. Ćmielów (3 172)
23. Kunów (3 127)
24. Daleszyce (2 800)
25. Wąchock (2 760)
26. Koprzywnica (2 531)
27. Bodzentyn (2 241)
28. Osiek (1 955)
29. Zawichost (1 853)
30. Skalbmierz (1 323)
31. Działoszyce (1 068)

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Święty Krzyż-voivodskapet er delt inn i 14 fylke (powiat), som er eitt byfylke og 13 landfylke. Desse er igjen delt inn i 102 kommunar (gmina).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]