Şamaxı astrofysiske observatorium
Şamaxı astrofysiske observatorium | |
![]() | |
![]() Şamaxı astrofysiske observatorium |
---|
Şamaxı astrofysiske observatorium (aserbajdsjansk Şamaxı Astrofizika Rəsədxanası) er eit stort observatorium i Aserbajdsjansom ligg 22 km nordvest for Şamaxı i distriktet Şamaxı. Observatoriet ligg i Store Kaukasus, 1435 meter over havet. Det høyrer til Aserbajdsjans nasjonale vitskapsakademi.
Det vart grunnlagt i 1958 av Jusif Mammadalijev og vart bygt mellom 1958 og 1960. Hovudinstrumentet er Carl Zeiss-spegelteleskopet på 2,0 m, som vart innvigt i 1966. Observatoriet har også tre mindre teleskop.
Teleskop[endre | endre wikiteksten]
- 2,0 m Carl Zeiss-spegelteleskop
- 70 cm AZT-8 Cassegrain-teleskop
- 60 cm Zeiss-600 Cassegrain-teleskop
- 35 cm Katadioptrisk-teleskop
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Observatoriet med 2,0 m Carl Zeiss-spegelteleskopet
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Shamakhy Astrophysical Observatory» frå Wikipedia på engelsk, den 5. august 2021.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- (az) (en) Offisiell nettstad