Š

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Š er også kortnamn for det samiske tidsskriftet Š nuoraid magasiidna.
Bokstaven Š

Š og š (S med hake) er den 29. bokstaven i det skoltesamiske alfabetet, og den 23. bokstaven i det nordsamiske alfabetet. Den vert òg brukt på tsjekkisk, kroatisk, bosnisk, slovensk, latvisk og litauisk. I alle desse språka representerer han lyden /ʃ/. På slovakisk representerer han lyden /ʂ/.

Bokstaven vert nokre gongar brukt for for bokstaven ш når ein romaniserer språk skrivne med kyrillisk skrift. På norsk, transkriberer ein vanlegvis ш som sj. Bokstaven š bruker ein òg for å transkribere nokre forhistoriske skriftformer som kileskrift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]