Hopp til innhald

Šabac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Šabac
Шабац
Det sentrale torget i Šabac
Det sentrale torget i Šabac
Det sentrale torget i Šabac
Byvåpenet til Šabac
Byvåpen
Region
Distrikt
Šumadija og vestlege Serbia
Mačva
Flatevidd 795 km²
Flatevidd
  By

795 km²
Innbyggjarar[1]
  By (2022)
  Byområde

105432
51163
Tidssone UTC+01:00 (UTC)
Postnummer 15000
Bilnummer ŠA
Nettstad: www.sabac.org
Plassering av  Šabac
Plassering av Šabac

Šabac (kyrillisk Шабац) er ein by og ein kommune i Serbia langs elva Sava i den historiske regionen Mačva. Han er det administrative senteret i distriktet Mačva. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar, medan kommunen har om lag 105 000 innbyggjarar. Byen fekk byrettar i 2007 etter ei avgjersle i nasjonalforsamlinga i Serbia.

Den første busetnaden her går tilbake til mellomalderen, og han vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1454 som Zaslon. Han var ein del av den slaviske serbiske staten fram til området vart underlagt Det osmanske riket. I 1470 bygde tyrkarane den første festninga i byen og kalla han Bejerdelen. I 1476 okkuperte den ungarske kongen Matthias festninga og han verande under Ungarn fram til 1521. Festninga kom igjen tilbake til Det osmanske riket, men med ei forholdsvis viktig plassering, vart ho fleire gonger erobra av Austerrike. Grensebyen var òg viktig for handel i området.

Byen vart viktig i serbisk historie i det første serbiske opprøret i 1806. Dette året leia Karađorđe Petrović serbiske opprørarar til ein av dei første sigrane over den tyrksie hæren nær landsbyen Mišar, som ligg nær Šabac. Familien Obrenović har òg sett sitt preg på byen. Jevrem Obrenović, bror til fyrst Miloš Obrenović, moderniserte og urbaniserte byen etter det andre serbiske opprøret. I den første tida, frå 1820- til 1840-åra, vart dei første sjukehuset, apoteket, skulen, gymnaset, teateret og musikarsamfunnet bygd i Šabac.

Tyrkarane forlet til slutt festninga i Šabac i 1867. Den første avisa i byen vart trykt i 1883 og byen vart den første staden i Serbia der kvinner fekk vitje kafeane. Byen blømde fram til den første verdskrigen, då han vart kraftig øydelagd og folketalet vart halvert til om lag 7000. Byen er hugsa for slaget på fjellet Cer i nærleiken, der den serbiske armeen under Stepa Stepanović vann ein tidleg siger mot Austerrike-Ungarn i august 1914, den første allierte sigeren i krigen. Etter krigen vart Šabac æra med den franske krigskrossen med sigerspalme (1920), den tsjekkoslaviske krigskrossen (1925) og Karađorđe-ordenen si stjerne med sverd (1934).

I perioden under det sosialistiske Jugoslavia utvikla byen seg vidare. Den kjemiske fabrikken Zorka opna i Šabac i 1938. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av Nazi-Tyskland. 5000 innbyggjarar frå byen vart sett inn i Šabac konsentrasjonsleir, i lag med 20 000 fleire, og rundt 7000 menneske mista livet her. Byen vart til slutt frigjeven av partisanar i 1944.

Etter den andre verdskrigen voks Šabac til ein moderne industriby rundt den kjemiske fabrikken Zorka.

Befolkningsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
Historiske folketal
ÅrFolketal[2]
194875 096
195382 414
196194 866
1971107 143
1981119 669
1991123 633
2002122 893
2011115 884
2022105 432

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadane i kommunen er:[2]

Folketal 2002Folketal 2011Folketal 2022
Šabac55 16353 91951 163
Majur6 8547 0316 664
Pocerski Pričinović5 9926 4656 365
Jevremovac3 3103 4083 390
Prnjavor4 4643 9313 324
Mišar2 2172 2002 048
Lipolist2 5822 2211 883
Štitar2 2852 0371 781
Drenovac2 3452 0351 576

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]