Šarengradska ada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Šarengradska ada
øy
Danube in Croatia, Sarengrad.JPG
Land Flag of Croatia.svg Kroatia, Flag of Serbia.svg Serbia

Šarengradska ada
45°15′40″ N 19°14′30″ E
Plasseringa til øya

Šarengradska ada (Šarengradøya) er ei i Donau i Kroatia, nær byen Šarengrad.

Under Jugoslavia var øya ein del av Sosialistrepublikken Kroatia. Under den kroatiske sjølvstendekrigen okkuperte den jugoslavisk folkearmeen og serbiske paramilitære styrkar øya. I 1991 vart Kroatia sjølvstendig og Badinter-komiteen avgjorde at grensene mellom republikkane i Jugoslavia skulle verte grensa mellom landa[1], men øya og områda aust i Kroatia var under serbisk kontroll på denne tida.

Etter fredsavtalen i 1998 kom Baranja og austlege område av Slavonia tilbake til Kroatia, men øya Šarengrad, samt øya Vukovarska ada vart verande under serbisk okkupasjon.

I 2002 opna den serbiske armeen eld frå øya mot presidenten Vukovar-Syrmia fylke, Nikola Safer og eskorten hans då han var på veg til eit møte med kollegaer i Serbia. Dette skjedde trass i at følgjet hadde fått offisiell serbisk løyve til møtet.[2][3]

I 2004 trekte Serbia styrkane sine tilbake frå øya, og erstatta dei med serbisk politi, så kroatar har i dag høve til å vitje øya.

Serbarane meiner at sidan øya ligg nærare den serbiske breidda av Donau enn den kroatiske, så høyrer ho til Serbia. Kroatane følgjer derimot avgjersla til Badinter-komiteen, som gjer øya til ei kroatisk øy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 45°15′29″N 19°14′42″E