Šihččajávri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°45′19.6″N 023°32′13.5″E Šihččajávri (tidlegare Siccajavre) er ein innsjø i Kautokeino kommune i Finnmark, rundt 30 km søraust for Guovdageaidnu (Kautokeino) tettstad, nær grensa til Finland.

Meteorologisk stasjon[endre | endre wikiteksten]

Det står ein manuell meteorologisk stasjon ved innsjøen som måler lufttrykk, temperatur, fukt, vind, nedbør og snødjupne samt gjev vurdering av skykarakteristikkar, sikt, vêrtype og tilstanden på marka. Observasjonane vert sende til Meteorologisk institutt 3 - 8 gonger i døgnet. Stasjonen har vore i drift sidan 1912 og står for fleire vêrrekordar og er kjend for dei låge temperaturane.

Šihččajávri fjellstove[endre | endre wikiteksten]

Statens fjellstue på kring 100 kvadratmeter. Šihččajávri fjellstove er i Statsbudsjettet definert som ein ikkje-inntektsgjevande eigedom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]