Ŧ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ŧ og ŧ, er ein bokstav som er den 25. i det nordsamiske alfabetet. Der representerer han lyden ustemt dental frikativ [θ], den same som th-lyden i engelsk thin.[1] I SENĆOŦEN-alfabetet, som vert brukt for å skrive språket saanich, representerer han den same lyden. Teiknet vert og brukt i havasupai-dialekten av språket havasupai–hualapai, og for å representere bokstaven ט i romaniseringar av hebraisk. Unicode-kodepunkta for teikna Ŧ og ŧ er høvesvis U+0166 og U+0167.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sámi alfabehta. Giellatekno: kursa.oahpa.no. Lese den 16.5.2019.