Ů

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ů (minuskel: ů) er ein bokstav i det tsjekkiske alfabetet. Han står for ein lyd som historisk vart skriven med o, men som no vert uttalt som [uː] (IPA), altså likt med bokstaven ú. Ů kan ikkje stå fyrst i ord, då vert ú nytta i staden. Det tsjekkiske ordet for ringen er kroužek («ring») og han viser at u-en over tid har gått frå ein lang ó til uo-diftong for so å verta den lange ú-en han er i dag. Han vert difor heller ikkje nytta i lånord eller lydord.

I Unicode har han kodane U+016E (Ů) og U+016F (ů).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]