Žeimena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Žeimena
elv
ZeimenaRiver001.JPG
Žeimena nær Kaltanėnai
Land Flag of Lithuania.svg Litauen
Nedslagsfelt 2 793 km²
Lengd 82 eller 144[1] km
Middelvassføring 27,0 /s
Kjelde Žeimenys
Munning Neris

Žeimena
54°54′0″ N 25°37′0″ E
Wikimedia Commons: Žeimena

Žeimena er ei elv i Aukštaitija aust i Litauen og ei av sideelvane til Neris frå høgre. Žeimena spring ut frå Labanorasskogen og innsjøen Žeimenys. Žeimena renn sørover og gjennom Kaltanėnai, Švenčionėliai og Pabradė. Ho munnar ut i Neris nær grensa mellom fylka Švenčionys og Vilniuss. Dei største sideelvane hennar er Lakaja, Saria, Mera, Kiauna, Luknelė og Jusinė.

Žeimena er ein av dei reinaste elvane i Litauen og ein av dei viktigaste lakseelvane i landet. Lengda til Žeimena er omdiskutert fordi ein ikkje er einige kor ho spring ut frå i Aukštaitija nasjonalpark. Området inneheld mange innsjøar som er bunde saman via forskjellige elvar og bekkar, så det er vanskeleg å seie kva for innsjø som er kjelde til kva elv. Tradisjonelt vert Žeimenys rekna som kjelda til Žeimena.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelda til Žeimena er omdiskutert