Ǫ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Ǫ».

Ǫ (kjend som «o med kvist», caudata, eller ogonek) er ein bokstav frå det latinske alfabetet. Han er i Noreg kjend frå norrøn tid, og vart uttala som ein låg, bakre, runda vokal, som kan jamførast med den norske å-ljoden i dag, men har jamnt over utvikla seg til ein [ø]- eller [ɔ]-ljod. Det fanst òg ein lang ǫ-ljod (ǫ́), men han fall saman med lang a (á) innan 1250. I gammalislandsk forsvann ogso den korte ǫ-ljoden ved at han fall saman med ø og i moderne islandsk vert no skriven med bokstaven ö.[1] Når ǫ ikkje er tilgjengeleg, vert han ofte bytt ut med ö.

Ǫ merkjer ofte ein nasal o-ljod [õ], som ein nyttar i til dømes ymse indianarmål som navajo og apache, sovel som omsetjing av kyrkjeslavisk. Bokstaven vart og nytta i sein urslavisk saman med ę (uttala høvevis /õ/ og /ẽ/). Uttala gjekk seinare over til /ã/, men i moderne polsk har kort /ã/ gått tilbake til ein nasal o /ɔ̃/ (skriven ą), denne gongen open.[2]

Bokstaven har i Unicode kodane U+01EA (Ǫ) og U+01EB (ǫ).

Kjeldetilvisingar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]