Țarcufjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Țarcufjella
fjellkjede
Land  Romania
Kart
Ţarcufjella
45°17′00″N 22°28′00″E / 45.28333°N 22.46667°E / 45.28333; 22.46667

Țarcufjella er ei fjellkjede sørvest i Romania heilt vest i Dei sørlege Karpatane. Dei ligg mellom Bistradalen i nord, elva Timiș i aust, Godeanufjella i sør og Râul Mare-dalen i vest.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste bergartane i fjellkjeda er krystallinske i tillegg til eit par område med sedimentære bergartar. Kalkstein finn ein berre enkelte stader. Erosjon har danna fleire markante platå, som Borăscu. Under siste istid var det isbrear i fjella, som har danna fleire bresjøar, som Bistra.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sidan fjellkjeda er open mot vest fell det ganske store nedbørsmengder i Țarcufjella. Stundom kan det kome snø over 1500 meter over havet til alle tider av året og snødekket ligg vanlegvis frå oktober eller november til juni eller juli på dei høgaste toppane.

Viktigaste toppar[endre | endre wikiteksten]

  • Vârful Țarcu, 2291 meter over havet, har ein vêrstasjon på toppen.
  • Vârful Pietrei, 2292 moh., dominerer over Bistrasjøen.
  • Vârful Căleanu, 2290 moh.
  • Muntele Mic, 1802 moh., har eit skisenter.
  • Măgura Marga, 1503 moh., stig over landsbyen Marga.
  • Vârful Cuntu, 1441 moh., har ein vêrstasjon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Țarcufjella