μTorrent
μTorrent | |
![]() | |
![]() | |
Skapar | Ludvig Strigeus |
---|---|
Utviklar | BitTorrent, Inc. |
Oppretta | 18. september 2005 |
Utgjeve | 18. september 2005 |
Nyaste versjon | 1.8.7.45548, 7.2.2, 3.6.0.46590 |
Operativsystem | Windows og Mac OS X 10.5 (Intel og PPC), men også Unix gjennom Wine |
Plattform | Android, macOS, Microsoft Windows, Linux |
Programmeringsspråk | C++ |
Sjanger | BitTorrent klient |
Lisens | Proprietær programvare (freeware) |
Nettstad | www |
µTorrent eller uTorrent er ein BitTorrent-klient som tilhøyrer BitTorrent-selskapet. Det har over 100 millionar brukarar,[1] og er med det det andre mest utbreidde BitTorrent programmet etter det kinesiske Xunlei, og det største utanfor Kina.[2]
Den greske bokstaven µ (mu) i namnet kjem frå SI-prefikset mikro-, noko som viser til den låge minnebruken til programmet. Namnet kan uttalast på ulike måtar. Den svenske utviklaren av programmmet, Ludvig Strigeus, skreiv i 2005, «I usually say 'you torrent' because it looks like a u», men føreslo også «microtorrent», «mytorrent» ([myː] er den svenske uttalen av bokstaven µ) og seinare «mutorrent» som alternativ.[3] På engelsk blir bokstaven uttalt /mjuː/ eller /muː/. I Hellas blir programmet ofte kalla mi-torrent, ettersom den greske uttalen av μ er [mi].
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Spotify Reminded of uTorrent past after branding Grooveshark "pirates". TorrentFreak. November 12, 2014.
- ↑ «Thunder Blasts µTorrent’s Market Share Away». TorrentFreak. 4. desember 2009. Henta 16. desember 2009.
- ↑ «Forum: µTorrent Namesake (post by creator "Ludde")». Ludvig Strigeus. 20. september 2005. Archived from the original on December 3, 2013. Henta 16. desember 2009.
- Denne artikkelen bygger på «ΜTorrent» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2017.